Elisabeth Fauskanger er nyleg tilsett som kyrkjelydspedagog og hadde sin første arbeidsdag hos oss 1.april. Elisabeth er 47 år, gift med Dag-Ove og mor til fire gutar i alderen 10,5 til 22 år. Familien har budd i Sagvåg dei siste 20 årene, men Elisabeth kjem opprinneleg frå Sokndal, sør i Rogaland.

Ho er utdanna adjunkt og har jobba i skulen i nokre år, men dei siste 15 åra har ho vore søndagsskulekonsulent i Søndagsskolen Karmsund-Sunnhordland krets. Ho har såleis mange års erfaring frå arbeid med barn og unge.

Elisabeth tar over etter Randi Lønning Matre som gjekk over i kyrkjelydspedagogstilling i Fitjar sokn. Me ynskjer Elisabeth lykke til i stillinga!

Ansvarleg for T-dagane

Elisabeth Vatland Fauskanger
tlf 53 40 34 40
m 992 70 811

Ta gjerne kontakt med oss!

 

vipps