Dåp og opplæring høyrer saman. Foreldre, fadrar og kyrkjelyd har eit felles ansvar for at barna skal få leva og veksa i trua. Difor arbeider me med trusopplæring i kyrkja. Trusopplæringa er for barn og unge i alderen 0-18 år. 

Her hos oss organiserer me trusopplæringa i T-dagar. Kvart år vil barna få tilbod om å vera med på ein T-dag som har namn etter alderen på barnet. «FIREÅRSBOK OG UNDRETUR» har namnet T4, då det er T-dagen for dei som fyller fire år det gjeldande året. T-dagane har varierande tema, innhald og aktivitetar.  

Alle T-dagar er ikkje på plass enda, men dei vil komma i løpet av dei neste åra. Alle døypte barn i vår kyrkjelyd vil difor etterkvart få tilsendt invitasjon til T-dag årleg. I tillegg vert T-dagane annonsert, både på nett og i avis. Alle barn er like velkomne, anten dei er døypte eller ikkje.

Trusopplæringa skal også vera eit tilbod til alle, uavhengig av funksjonsevne. Me set pris på at foreldre tek kontakt slik at me kan avtala tilretteleggjing der det trengst.

Velkommen til T-dagen med barnet!

t11 mNo er julemenn og julepynt kome i butikken og me veit det nærmar seg desember og advent. Då er det tid for eit av dei store høgdepunkta, nemleg LYS VAKEN. KJENNER DU NOKON SOM VERT 11 ÅR I 2018? 1.-2. desember er dei velkomne til Nysæter kyrkje og T11 LYS VAKEN. Her kan de lese invitasjonen pdfT11
Påmelding til T-dagen kan gjerast på nettsida vår. Du finn den under fana som heiter SKJEMA eller du kan gå inn >her!

t4 mDet nærmar seg den store helga for fireåringane i Stord kyrkje, med T4 UNDRETUR OG FIREÅRSBOK. 

skjermbilde 2018 06 19 kl. 09.37.59NY DATO FOR T6T7 UGLER I MOSEN! 3. SEPTEMBER 16.00-19.00!!

KJENNER DU NOKON SOM VERT 6 ÅR ELLER 7 ÅR I 2018? Mandag 03.09 kl 16.00-19.00 er dei velkomne til Nysæter kyrkje og UGLER I MOSEN. Det er ei samling som startar med middag. Etterpå vert det samling om Moses med aktivitetar både ute og inne. Hugs å kle deg etter været. Vaksne er velkomne til å følge!

Påmelding til T-dagen kan gjerast på nettsida vår. Du finn den under fana merka med SKJEMA - Påmelding til T-dagar eller HER

t0 mVelkommen til T0 BABYSONG i Nysæter kyrkje i haust. Er du heime med ein baby eller to er du hjarteleg velkommen til samlingane anna kvar fredag denne hausten. 

Datoar for denne hausten er: 7/9, 21/9, 5/10, 19/10, 2/11, 16/11 og 30/11 

Eg håpar å sjå igjen babyane frå samlingane i vår, og så gler eg meg til å helsa på nye. Det er inga påmelding, så det er berre til å komma. Ta med niste, så et me nistelunsj i lag etter samlinga. Me held kaffi og te.  Velkommen :-) 

t1 2 3 lVelkommen til T123 KVELDSSONG FOR DEI SMÅ i Nysæter kyrkje.

Her er datoane for i haust: 6/9, 20/9, 4/10, 18/10, 1/11, 15/11 og 29/11. Samlingane byrjar kl 17.00 med ei songstund og avsluttar med nistekvelds. Hjarteleg velkommen!

t6 m

STORD KYRKJE: Måndag 10.september kl 17:00-18:30
 
T6 er ei samling i samband med skulestart. Her får me høyra den spennande bibelforteljinga om Josef. Det vert mange kjekke leikar og aktivitetar, og alle får utdelt ei aktivitetsbok om Josef som dei får ta med seg heim etter samlinga. Til slutt i samlinga et me nistekveldsmat saman. Her kan du lese invitasjonen som er sendt ut til alle som fyller 6 år i år:
 
Hugs å ta med skulesekk og nistepakke.  Me har vatn, mjølk og juice til alle, og kaffi eller te til dei vaksne.
 
Du kan melda barnet ditt på HER
Velkomen til ein fin ettermiddag i kyrkja saman med barnet ditt!

t3 mT3 KVELDSONG FOR DEI SMÅ er koselege songstunder i Stord kyrkje. Samlingane er for born som fyller 3 år i 2018, saman med ein vaksen

Samlingane er måndagar frå 17.30 til 18.30. Me syng tradisjonssongar og barnesongar, og nyttar regler og rim. Med enkle rytmeinstrument lagar me musikk, og me høyrer ei forteljing frå bibelen. Samlinga vert avslutta med kveldsmat. Ta med nistemat, me har kaffi, te, mjelk og juice. Det er inga påmelding. Datoane: 3/9, 1/10,  29/10, 10/12. 
Velkomen!

 

t9 mEtter påske er det klart for  T9 TÅRNAGENTHELG i Stord kyrkje. Då skal me være agentar i kyrkja vår og løyse ulike mysterium. Alle som går i 3. klasse kan bli tatt om som agentar denne helga. Invitasjon er sendt ut i posten, pdft9_s_2018.pdf 

Kjenner du nokon som fyller 9 år i 2018, kan du melde deg på HER

Om nokon vaksne i heimen kan tenke seg å være med som englevakter, hadde det vore veldig kjekt. Englevakter hjelper til der det trengs gjennom ettermiddagen. Det kan være å følge noko ut til toalettet, finne eit glas vatn og ellers hjelpe agentar som treng det. Meld frå i påmeldingsskjema om det er noko for deg!

Stord kyrkje:
Lørdag 14. april kl. 16.00-20.00
Søndag 15. april kl.10.00 

Alle som fyller 9 år i 2018, enten ein er medlem og eller ikkje, er HJARTELEG VELKOMNE!

T-DAGAR STORD - HAUSTEN 2018

tdag stord h2018

T-DAGAR NYSÆTER - HAUSTEN 2018

tdag nys h2018

Ansvarleg for T-dagane

Vakant
tlf 

Hjørdis J. Heggland
tlf 53 40 34 39
m 481 14 681

Ta gjerne kontakt med oss!


vippsstordsokn