Stord og Nysæter kyrkjelydar ønskjer alle velkomen til gudsteneste, fellesskap og aktivitetar ved gruvene på Litlabø Kr. Himmelfartsdag 30. mai. Familiegudsteneste kl. 11.00. (inne i Heishuset eller ute om været er flott). Olav, Jørgen, Noah og Elisabeth deltek.

Barn som vil vera med å syngja: kom kl.10.30 så øver me saman på desse songane: Om eg er liten eller stor, Vår Gud er så stor, Eg er trygg hos deg og Må Gud velsigna deg.

Etter gudstenesta er det servering av pølser i brød, saft og kaffi til alle. Frå ca kl.12.15 er det lagt til rette for at barna/ familiane som har lyst kan vere med på ulike aktivitetar. Vil ein sjå og høyre om historien til gruvene anbefaler me å bli med Venelaget for Gruo på omvisning på området. kr 100/50 for voksne/born.

Gudstenesta i Skjapavikjo 30.juni er flytta til Nysæter kyrkje. Velkommen.

Stord kyrkje - Leirvik:
GPS/POI: 59.7872, 5.5107



Nysæter kyrkje - Sagvåg:
GPS/POI: 59.7825,5.3979

 

Det er ikkje berre presten som preikar i kyrkja. Huset sjølv har mykje å seia oss. Bilete, symbol og fargar fortel oss på ulike vis om den kristne trua. Bodskapen vert så å seia sendt på mange kanalar. Denne sida tek oss med på ei vandring i kyrkja. Vi vil sjå på kva huset har å seia oss.

Kyrkjene på Stord

STORD KYRKJE
kyrkjetenar:
Margunn Hannisdal
m 959 38 063

Bodil Sølvi Stave
m 923 67 607

 


NYSÆTER KYRKJE
tlf 53409531

 


HUGLO BEDEHUSKAPELL