Torsdag 28. mars kl.19.30 blir det ein spennande konsert i Nysæter kyrkje.
Då skal blåsar og kulturskulelærar Webjørn Sæther spela saksofon og kontraaltklarinett, saman med kantor Bjarte Aadland på orgel. Dette blir eit folketoneprogram dei to saman har utvikla siste året. Med utgangspunkt i stort sett lokale folketonar frå Stord, Bømlo og Etne har dei komme fram til eit spennande musikalsk resultat. Eit par av folketonane vart presenterte i konsert 10. februar i Nysæter kyrkje, og desse vart svært godt mottekne då. Den 28. mars får ein høyra ein heil konsert med dette materialet. Det vert inngongspengar.
Hjarteleg velkommen til vakker konsert med Sunnhordlandsfolketonar!

facebook_page_plugin

Stord kyrkjekontor

OPNINGSTIDER:
Kyrkjekontoret har redusert opningstid
i periode 24. juni -16. august:
Tirsdag og torsdag frå kl.10.00 til 14.00
God sommar!

SENTRALBORD: 
tlf 53 40 34 30

POSTADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Hamnegata 48, 5411 Stord

BESØKSADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Thiisafabrikken – gateplan,
Hamnegata 48, Leirvik

EPOST: send epost
Ta gjerne kontakt med oss!

Kyrkjevalet 2019

valetOpplysningar om kandidatane og om kyrkjevalet i soknet finn du på www.kyrkjevalet.no.

Kandidatpresentasjon:
Stord sokn
Nysæter sokn

Sunnhordland prosti

hy201901HELG OG YRKE er eit felles kyrkjeblad for Sunnhordland prosti.


Last ned her:
pdfHY201901.pdf


Eldre årgang her

Kirkens SOS

kirkens-sos
11-chat-1-slim

 

vipps