Stord kyrkje starta i januar i år opp ei månadleg samling i kyrkja med fokus på å styrkje fellesskapet i kyrkjelyden. Desse samlingane vert kalla Kveldssamling, og har eit enkelt program med fokus på bibelundervisning og måltidsfellesskap, både gjennom nattverd og kveldsmat etter undervisninga. Det har vore godt oppmøte på samlingane og samlingane fortset utover hausten. Neste samling vert torsdag 6. desember kl.19.30.

 

«Det er kjekt å sjå at det kjem folk frå ulike aldrar og delar av kyrkjelyden på samlingane, og det er spesielt kjekt at bortimot alle som har kome også har brukt god tid og teke del i kveldsmatfellesskapet etter undervisninga og nattverden», seier Ingeborg Ørjasæter som er komitéleiar for Kveldssamling. I haust blir det bibelundervisning fra Filipperbrevet med tema ”til glede”. Sokneprest i Stord Kyrkje Olav Johannes Oma underviser. Målet med samlingane er å skapa ein inkluderande møtestad med god tid til å vera saman som kyrkjelyd. Velkomen til Stord kyrkje!

facebook_page_plugin

Stord kyrkjekontor

OPNINGSTIDER:
Måndag, tirsdag, torsdag, fredag kl. 10.00 - 14.00
Onsdag kl. 12.00 - 15.00

SENTRALBORD:
tlf 53 40 34 30

POSTADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Hamnegata 48, 5411 Stord

BESØKSADRESSE: 
Stord kyrkjekontor, Thiisafabrikken – gateplan,
Hamnegata 48, Leirvik

EPOST: send epost
Ta gjerne kontakt med oss!

Søndagsskule

LogoSunHer finn du ei oversikt over søndagsskule-samlingane:

SØNDAGSSKULEN I STORD KYRKJE: 
pdfSøndagsskule Stord kyrkje - Våren 2019

SØNDAGSSKULEN I NYSÆTER KYRKJE:
pdfSøndagsskule Nysæter - Våren 2019 

Babysong - i Stord kyrkje og Nysæter kyrkje

Kirkens SOS

kirkens-sos
11-chat-1-slim

 

vipps