Me vil ynskja velkommen til dåp i kyrkjelydane våre. I Den norske kyrkja vert dei fleste døypte som spedbarn, men det er inga aldersgrense for dåp. Gjennom konfirmasjonstida er det kvart år fleire unge som ynskjer dåp, og som vaksen kan du óg verta døypt. Dersom du ynskjer dåp hos oss, kan du ta kontakt med kyrkjekontoret.


VED YNSKJE OM BARNEDÅP:

Kontakt kyrkjekontoret
Ta kontakt med kyrkjekontoret i god tid for å fastsetja dato for dåpen. Samstundes vert det avtala kva tid de kan møta på kyrkjekontoret for dåpssamtale. Melding om namneval sender de til folkeregisteret, som så vil senda tilbake fødselsattest.

Dåpssamtalen
Den formelle innskrivinga skjer ved frammøte på kontoret. De vil då få ein samtale med ein av prestane m.a. om dåpen si gåve og oppgåve. Det er fint om de før samtalen har snakka saman om kven du/de vil skal vera fadrar.

Dåpsmøte i kyrkja for foreldre og fadrar
Dette møtet er eit orienteringsmøte om dåpen, der me tar opp alle praktiske spørsmål om dåpsgudstenesta og sjølve dåpshandlinga. Vidare tar me opp samanhengen mellom dåp og kristen opplæring, om foreldra og fadrane sine oppgåver, og kyrkjelyden si dåpsopplæring.

Lurer du på noko når det gjeld barnedåp i kyrkja? Svar på ein del vanlege spørsmål finn du her

Lenkjene på denne sida er henta frå Den norske kyrkja sine nettsider, www.kyrkja.no.

Dåpsgudstenester i Nysæter kyrkje

I Nysæter kyrkje er det stort sett høve til å ha dåp kvar søndag. Unntaka er markert i gudstenesteplanen for Nysæter kyrkje.

Dåpsgudstenester i Stord kyrkje

DATO * MERKNAD PREST
søndag 10.08.14 kl.11:00 Stord kyrkje Fellesgudsteneste i Stord. Dåp. Arnt Johan Vistnes
søndag 07.09.14 kl.13:00 Stord kyrkje Dåpsgudsteneste
søndag 21.09.14 kl.11:00 Stord kyrkje Dåp.
søndag 28.09.14 kl.11:00 Stord kyrkje Hausttakkefest. Dåp. Eirik Aadland Tappel
søndag 12.10.14 kl.11:00 Stord kyrkje Søndagsskule i kyrkja. Dåp.
søndag 26.10.14 kl.13:00 Stord kyrkje Dåpsgudsteneste
søndag 16.11.14 kl.11:00 Stord kyrkje Dåp
søndag 14.12.14 kl.11:00 Stord kyrkje Dåp
fredag 26.12.14 kl.11:00 Stord kyrkje Dåp