Diverre har ikkje Sunnhordland trykt navna på konfirmantane denne veka. Her er navna. |
|
Les meir…
|
|
Frå 1. august 2012 er det ledig fast 100 % stilling som
KYRKJEVERJE / DAGLEG LEIAR
Søknadsfrist: 25. mai 2012
last ned utlysingstekst her |
|
Innmelding til nytt konfirmantår
Alle 9. klassingar er velkommen som konfirmantar i kyrkjene
våre. Det er innmelding og informasjon for konfirmantar og foreldre nå.
Nysæter kyrkje: tysdag 24. april kl 17.00
Stord kyrkje: torsdag 26. april kl 16.30 Nordbygdo skulekrins
kl 18.00 Stord skulekrins
Om du ikkje har motteke innmeldingsskjema finn du det her. Dersom du ikkje er døypt er du likevel velkommen, då vert du døypt i løpet av konfirmantåret.
Du finn informasjonsbrosjyrane våre her:
Nysæter kyrkje, Stord kyrkje |
|
Påskebrev fra Estland 2012
Gled dere! For Jesus Kristus er oppstanden, og Han har lovet å være med oss hver eneste dag!
I det følgende vil vi fortelle om noen gode nyheter både fra Mustamäe og Saku.
Mustamäe
I vår har Mustamäe menighet flere grunner til å glede seg til påskedagen. Det blir først konfirmasjon av fire nye medlemmer, og etterpå skal barna deres bli døpt (våre konfirmanter er nemlig rundt 30 år, og de har både familie og barn). Det er en stor dag for menigheten, og det er også et tegn for oss på at Gud er med oss og leder oss trygt videre, og bygger sin kirke på jorda. |
|
Les meir…
|
|
Ei stor takk til alle konfirmantar,foreldre og dei frivillige som var med på fasteaksjonen i Stord og Nysæter sokn. Takk til alle som opna dørane for konfirmantane.
Konfirmantane gjorde ein strålande innsats og kan vera stolte av eit resultat som var enndå høgare enn i fjor. Det vart samla inn 96000 kr på Stord og 32000kr på Nysæter. Samla gjekk det opp frå 117000 kr i fjor til 128000 kr i år. Kjempebra jobba!
|
|
29. mars gjorde Bjørgvin bispedømeråd vedtak om tilsetting i tråd med uttale frå Stord (og Nysæter) sokneråd og innstilling frå Innstillingsrådet. Sjømannsprest Eirik Aadland – Tappel vart tilsett som ny sokneprest i Stord sokn. Tappel har stadfesta at han tek i mot stillinga og tek til i arbeidet 6. august. Det kan bli innsetjing 19. august. Han kjem i lag med kona Kari og borna Sindre 8, Hanna 6 og Sunniva 2. |
|
|
Kjære kyrkjelyd! Ja det må me sei - me er glade for kyrkjelydane i Nysæter og Stord. Glad for alt me har fått der, for gode år og for framleis å kjenne at det er vår heimekyrkjelyd. Takk også for gode møter ved jubileet i desember. |
|
Les meir…
|
|
Den norske kyrkja innfører ny ordning for hovudgudsteneste
frå 2011. Den nye ordninga opnar for større breidde og variasjon i den lokale gudstenesta. Fleire skal vere med og prege gudstenestelivet i kyrkjelyden. Den nye gudstenesteordninga omfattar:
– Ordning for hovudgudsteneste
– Ordning for dåp
– Regelverk for gudstenestelivet
– Tekstbok
– Liturgisk musikk
– Ny salmebok og koralbok (planlagt utgjeve i 2013)
|
|
Les meir…
|
|
|
Medlemsregisteret i Den norske kyrkja (Dnk) vert tid om anna debattert i media. Med denne artikkelen ynskjer me å opplysa og oppklara ein del spørsmål rundet registeret. |
|
Les meir…
|
|
|

”Kom til meg, alle som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!” seier Jesus.
Møte med Jesus har forandra livet til svært mange menneske, her på Stord og over heile verda. Ønsker du å snakke med ein av prestane eller diakon, kan du ta kontakt med kyrkjekontoret. tlf. 53 40 34 30. |
|
|